Skip to main content

På 1960-talet skjedde det noko heilt nytt i norsk samferdsel. Langs kysten og fjordane kom det fartøy som ikkje berre gjekk på vatnet – dei løfta seg over det.

Hydrofoilane var eit teknologisk kvantesprang, og for passasjerane kjendes det som å fly.

Blant desse var EKSPRESSEN I – eit fartøy som endra kvardagen for folk i Ryfylke, og som i dag står att som eit unikt vitnemål om etterkrigstidas optimisme, ingeniørkunst og vilje til fornying.

Hydrofoilane var radikalt ulike dei tradisjonelle ruteskipa.

Eit teknologisk sprang i rutefarten

Hydrofoilane var radikalt ulike dei tradisjonelle ruteskipa. Med foilar som løfta skroget opp av vatnet, vart motstanden kraftig redusert – og farten auka tilsvarande. I mange tilfelle var hydrofoilane opptil tre gonger raskare enn fartøya dei erstatta.

EKSPRESSEN I hadde ei rutefart på om lag 36 knop, og reduserte reisetida mellom Stavanger og Sauda monaleg. For Ryfylke innebar dette tettare kontakt med regionsenteret, raskare persontransport – og ei heilt ny oppleving av avstand.

Unik i Rogaland – og i Noreg

I Rogaland var det totalt tre hydrofoilar i drift på 1960-talet. Av desse var EKSPRESSEN I den einaste som gjekk i lokal rutefart. Fartøyet vart bygd i 1961 ved verftet Canteri Navale Leopoldo Rodriguez på Sicilia, og kjøpt inn av Det Stavangerske Dampskibsselskab.

EKSPRESSEN I gjekk i ordinær rutetrafikk mellom Stavanger og Sauda fram til 1972, og deretter i Sandeid-ruta fram til 1975. Då nye fartøystypar – som westamaranen – tok over, vart hydrofoilane gradvis fasa ut.

I dag er EKSPRESSEN I den siste bevarte hydrofoilen i Noreg, noko som gjer fartøyet sjeldan i nasjonal samanheng og interessant også internasjonalt.

Frå rutefart til vern – og aktiv bruk

Etter nokre år i privat eige vart EKSPRESSEN I kjøpt tilbake av Det Stavangerske Dampskibsselskab i 2017. Med dette starta eit omfattande restaureringsarbeid, med mål om å ta vare på fartøyet slik det framstod i perioden 1961–1975, då det gjekk i passasjerfart i Ryfylke.

Arbeidet er grundig dokumentert og vert utført med høg fagleg kvalitet. Mellom anna er

  • framre foil og propell henta frå Japan
  • delar kjøpte inn frå Sicilia
  • profesjonell restaurering utført ved Oma Slipp & Mek. Verkstad på Stord, med spesialkompetanse på aluminiumsskrog og hurtigbåtar

Berre i 2024 er det utført arbeid for 4,6 millionar kroner, og framdrifta i prosjektet har vore svært god.

Eit levande kulturminne – også i framtida

Når restaureringa er ferdig, er planen at Ekspressen igjen skal takast i bruk – denne gongen i turisttrafikk i Ryfylke. Det ligg føre munnleg tilsagn om permanent liggjeplass i Veteranbåthamna i Stavanger, sentralt plassert ved Oljemuseet.

Her vil fartøyet kunna formidla ein viktig del av norsk samferdselshistorie – ikkje som eit stille museumsobjekt, men som eit levande, seglande kulturminne.

Til inspirasjon for fleire fartøysøknader

Gjennom fleire år har Kulturminnefondet gitt tilskot til restaureringa av EKSPRESSEN I, mellom anna til

  • reparasjon av motor, gir, aksel og tekniske system
  • innreiing, stolar og brannsikring
  • transport og gjenbruk av delebåt frå Italia
  • reparasjon av baug og botn

Prosjektet viser kva som er mogleg når eigarar, fagmiljø og offentlege aktørar arbeider saman for å ta vare på eit sjeldan fartøy med høg kulturhistorisk verdi.

EKSPRESSEN I minner oss om at også dei moderne fartøya – dei som ein gong peika framover – no er blitt viktige kulturminne. Kulturminnefondet ønskjer fleire gode søknader innan fartøyvern, og håpar dette gode eksempelet kan inspirera fleire til å ta vare på flytande vitnemål om vår felles fortid.

EKSPRESSEN I kan du mellom anna sjå under Fjordsteam i Bergen 5-9.august 2026.

Privacy Preference Center

Secret Link