Det er eit brennande ønske om å redde kulturskatten i Jølster. Det staselege hotellet i sveitserstil er eit landemerke i bygda og ein naturleg samlingsstad – både ved offisielle markeringar og merkedagar i Jølstringane sitt liv. No vert bygget redda gjennom ny aktiv bruk.
Hotellet får ny aktiv bruk og ein gjenbruk av bygningen, noko som òg sparer miljøet for utslepp ved produksjon og frakt av nye materialar, seier styreleiar Hanne Kristin Jakhelln i Kulturminnefondet.
Staden vert rekna som ein kulturskatt. I dag står den ærverdige hotellbygningen tom og forfell. Både tak og vindauge lek, og det er roteproblem fleire stader. No skal den eldste delen av hotellet førast attende til fordums prakt, og Kulturminnefondet har gleda av å tildele to millionar kroner til prosjektet. Målet er at hotellet og området rundt igjen skal bli ein destinasjon og møteplass – både for folk i bygda og dei vegfarande.
Satsa tidleg på turisme
Hotellet vart bygd i sveitserstil i 1888 av Nikolai Nilsen Vassenden, og ligg ved utløpet til Jølstravatnet. Tettstaden var ein viktig møtestad med skysstasjon tilbake til 1700-talet, og turistar kom langvegs frå for å nyte lange sommardagar i dei vakre omgjevnadene. I nyare tid har hotellet fungert som asylmottak. I 2020 vart hotellet selt til Coop for tilbakeføring og utvikling av nye bygningar og ein matbutikk. Hotellet har òg hatt ei viktig rolle i å fremje lokal matkultur, som til dømes den velkjende jølstraauren.
Ein samlingsstad for kunstnarar
Kunstnaren Nikolai Astrup var ein hyppig gjest på hotellet, og han feira også sitt bryllaup der i 1907.
Når kunstnarvener og kunstsamlarar besøkte Jølster, budde dei gjerne på Vassenden hotell og inviterte Astrup dit til sosialisering.
– Frå hotellbalkongane er det storslått utsikt over Jølstravatnet og dei fantastiske fjella. Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at Astrup sat akkurat her og henta inspirasjon til kunsten sin, skriv Lars Vaalas i Jølster Hotell AS til Kulturminnefondet.
Skal få ein ny og aktiv bruk
– Det er tydeleg at det er eit brennande ønske i bygda om at det gamle hotellet må bevarast – og ikkje minst at det på nytt skal komme liv og ny aktivitet i hotellet, skriv Lars, og legg til at; – Dersom ein skal lukkast med å berge dette særprega kulturminnet, hastar det med å komme i gang med arbeidet. Bygget skal brukast til ulike aktivitetar som museum, utsal for lokalmat og kafé, noko som vil gi bygdefolket ein triveleg møteplass. Tiltaka bidreg til vern gjennom aktiv bruk. På området skal det òg vere grøne lunger, leikeplass og enkel fotgjengar-tilkomst til friområdet ved Jølstravatnet. Kulturminnet er eit verdifullt landemerke som skaper eit levande lokalsamfunn.
Dette skal 2 millioner kroner frå Kulturminnefondet gå til:
Tilskot blir gitt til å reparere taket, inkludert ny takpapp, nye slisser og lekter. Det blir også gitt til nye takrenner, beslag og legging av ny teglstein. Vidare blir det gitt til å reparere og tilbakeføre ytterveggar, samt lage kopiar av vindauge som vart fjerna då tilbyggene vart bygde. Kulturminnefondet støtter óg reparasjon og skifting av råteskadd kledning med detaljar og ornament, og fasadane skal målast med linoljemåling.
Om Kulturminnefondet
Kulturminnefondet er ei statleg tilskotsordning for private eigarar, underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi er eit lågterskeltilbod til eigarar som vil setje sine kulturminne og kulturmiljø i stand. Vi har ingen søknadsfrist.