Ukategorisert

Kjenner du ein god stipendkandidat?

Kulturminnefondet lyser ut formidlingsstipendet for 2020 og treng stipendkandidatar.

Det nasjonale formidlingsstipendet gikk til Våga-paret Edel Aas og Terje Marstein. Her avbildet med Kulturminnefondets nestleder Jon Birger Østby

Det nasjonale formidlingsstipendet i 2019 gikk til Våga-paret Edel Aas og Terje Marstein. Her avbildet med Kulturminnefondets daværende nestleder Jon Birger Østby

Formidlingsstipendet er på 50.000 kroner, og vedtak om tildeling vert gjort av styret i Kulturminnefondet etter nominasjonar til stipendkandidatar frå publikum.

Nominer din kandidat her. Frist for innsending er 2. mars 2020.

Formålet med stipendet er å bidra til å auka merksemda på kulturminnevern i Noreg. Stipendet skal nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå innsats i praktisk kulturminnevern over mange år. Den som mottek stipendet må kunne begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.

Stipendet vart i 2018 tildelt båtbyggjar Berit Osmundsen, for den store innsatsen som ho gjer for å setja søkeljoset på trebåtar generelt og Oselvar-båten spesielt. Ho arrangerer blant anna ei sløydgruppe for barn, der dei får oppleva eit verkstedmiljø som ikkje masseproduserer. I fjor gjekk stipendet til Edel Aas og Terje Marstein (bildet over) som har, med iver og entusiasme, teke vare på ein heilt unik kulturarv i Gudbrandsdalen.

Disse har fått formidlingsstipendet før

2014: Elsa «Sprossa» Rønnevig, for å vere ein aktiv forkjempar for kultur- og bygningsvern både lokalt og nasjonalt.

2015: Erik Alfred Tesaker ved Handverksfabrikken i Gyland, også kjend som «Oppfinneren» fra NRK. Han fekk stipendet for den kreative utviklings av handverksfabrikken, og innsatsen for å setja handverkstradisjonar på dagsorden.

2016: Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke. Ho fekk stipendet for å la eit freda gardstun bli opna opp for publikum og flinke handverkarar frå ulike yrke, som gjev nye målgrupper auka forståing for
kulturarvens verdi.

2017: Bror Ivar Salomonsen ved RiddoDuottar-museet, for den store innsatsen som han gjer for å bringe kunnskap om verna og freda bygningar, samt tradisjonshandverk til Finnmark.

2018: Båtbyggjar Berit Osmundsen ved Oselvarverkstaden, for den store innsatsen som ho gjer for å setja søkeljoset på trebåtar generelt og Oselvar-båten spesielt.

2019: Edel Aas og Terje Marstein, som har teke vare på ein heilt unik kulturarv i Gudbrandsdalen ved å setja i stand den gamle garden Gardsøi i Vågå