Aktuelt

Ukategorisert

Stein og atter stein

Å setja i stand eit skadd anlegg i naturstein er ingen heksekunst, men det krev litt planlegging og omtanke. Teksten nedanfor vender seg med råd og vink både til dei som vil setja i stand murkonstruksjonane sine sjølve, og dei som ynskjer meir kunnskap for å kunna stilla dei «rette» spørsmåla til den handverkaren dei søkjer hjelp hos.

 

Haakon Aase, tørrmurer og lærer

 

Til eit tørrmura anlegg treng ein stein og atter stein, men det kan vera stein i ulike former og ulike graderingar. Derfor skal vi eit ørlite bel venda blikket mot stein. Stein er eit mangslunge og spennande materiale, og det finst meir enn ein måte å nærma seg stein på. Blikket mitt er ikkje geologen sitt blikk, eg prøver å sjå med eit handverkarauge. Derfor er det lettare å skilja mellom runde og flate steinar enn mellom kvarts og gneis.

Nokre av oss ser beinveges på nytteverdien og spør seg: «korleis kan denne steinen fungera i min mur?» Andre er vel så mykje opptekne av det estetiske, av former og fargespel. I handverkssamanheng vil ein nok primært søkja etter stein som har ein god funksjon, og så kjem det vakre, det tiltalande, som ein bonus. Når det er sagt, kan funksjon vera så mangt.

 

Jordkjellar på Krossøy i Austrheim. Prosjektet vart støtta av Kulturminnefondet med midlar både til det fysiske arbeidet og eit særskilt opplæringstiltak. (Foto: Sophie Noach/Kulturminnefondet)


Bilde 2: Ferdig restaurert jordkjellar. (Foto: Einar Engen /Kulturminnefondet)

Ulike behov

Ulike murar krev ulike typar stein, men også i éin og same mur er det rom for eit variert utval av stein. Når vi tenkjer på mur, vil dei fleste av oss fyrst og fremst sjå for seg den synlege delen av muren, utsida, «murlivet». Men det er viktig å hugsa på at ein vesentleg del av muren er det som ligg bakom murlivet. Ein av læremeistrane mine, Birger Reigstad frå Lindås, brukte å seia at «det viktigaste i ein mur er det du ikkje kan sjå». Dette er kanskje å setja det på spissen, men la oss starta der.

Stein til bakmur

Alt etter storleiken og kvaliteten på muren må ein syta for eit rimeleg stort rom som skal pakkast med stein, i bakkant av steinen som ligg i murfronten. Den delen som her vert «pakka», kan vi kalla for bakmur, vi snakkar og om «bakfyll» og stundom «innfyll». Det er verdt å sjå klart føre seg at «muren» er denne heilskapen av murfront og bakmur[1]. Snakkar vi om ein bakkemur som skal tola noko last, til dømes ein veg eller ein husgrunn, er det særdeles viktig å vera nøye med denne pakkinga.

 

Atterreist bakkemur i vanskeleg terreng i Salhus i Bergen kommune. Her var det uråd å koma til med nokon leveranse av stein. Alt var basert på gjenbruk og henting av stein i terrenget ovanfor. Prosjektet var støtta av Kulturminnefondet. (Foto: Haakon Aase)

Gamal lærdom her er at steinen i bakmuren skal leggjast, ikkje berre rausast ned. Det er heller ikkje slik at murfronten og bakmuren skal leva kvar sitt liv. Skal muren bli god, må ein etablera bindingar mellom steinane i murfronten og fyllsteinen bakom. Ved hjelp av ei skiftevis avtrapping av steinane som blir lagde i murfronten, lagar ein feste, anlegg, for steinar som kan binda seg til stein lenger bak i pakninga. Såleis er det ofte greitt å ha for hand fyllstein av noko varierande storleik, gjerne steinar som er såleis forma at dei kan leggjast i lengderetninga innover. Her treng ein ikkje sjå etter «fine» sider, så her kan nyttast stein som kanskje vert vraka til bruk i murlivet.

Innimellom er det plass for mindre stein, og gjerne også noko pukk og grovare grus om ein har. Det ein skal vakta seg vel for, er å berre bruka finare graderingar av grus. Det er særdeles viktig å ha graderingar av fyllstein som høver vel til utforminga av murlivet. Vi ser mange døme på store og grove murar der fingradert fyllstein tyt ut gjennom fugene (opningane)  i murlivet. Slikt er lite vakkert å sjå på, men fyrst og fremst er det eit trugsmål mot stabiliteten i muren på lengre sikt. Når bakfyllet kverv inn, vil også faren for setningar i heile muren bli større. Murar ein «grovt», det vil seia med heller store fuger, må ein derfor syta for at bakfyllet er dimensjonert deretter.

Men det skal seiast at det nok ikkje var for ingenting at våre forfedrar som reiste dei store veg- og jernbaneanlegga med stor stein, la vekt på å få så tette fuger som råd. Dei ynskte nok at murane skulle ta seg fint ut, men fyrst og fremst la dei vekt på at dei skulle vera stabile.

 

Byggherre og hjelpearbeidar inspiserer. Fotoet gjev eit visst innblikk i korleis murfronten og bakmuren heng saman som eit heile. På grunn av dei vanskelege grunnforholda her har ein lagt inn geonett som ei ekstra sikring. (Foto: Haakon Aase)

Stein til murfronten

Også til muring i murfronten kan eit stort mangfald av stein koma til nytte. For oss som driv og

murar, går eit vanleg skilje mellom lagdelt og homogen stein[2]. Lagdelt, eller skifrig, stein finn ein ofte som heller[3] ute i naturen. Klassisk døme på homogen stein er granitt, stein som, i alle fall for det nakne auga, er einsarta i strukturen tvers igjennom og der ein ikkje lett kan spora lag eller «gangar». Elles kan granitt og andre magmatiske[4] bergarter også te seg temmeleg ulikt. Både fargespelet i steinen og måten «korna» er fordelte på i ei snittflate, kan variera mykje. Det same gjeld hardleiken og dei mekaniske eigenskapane, kort sagt styrken, ein eigenskap som kan vera avgjerande når ein vel ut stein til eit prosjekt.

På Kartveit-garden i Radøy kommune kan ein lesa bygningshistorie som ei open bok. Steinbyggjarkunsten går inn som ein del av det meste. (Sophie Noach/ Kulturminnefondet)

Tilpassing av stein til høvelege dimensjonar

Både den lagdelte steinen og den homogene steinen er godt brukande til tørrmuring. Ein kan grovt sett seia at det finst to måtar å nærma seg eit lass med stein. Den eine er å satsa på å leita seg fram til den steinen ein treng til ulik bruk i muren. Den andre er å bruka meir tid og krefter på å hogga han til i høvelege dimensjonar. Ein erfaren murar vil nok nytta begge tilnærmingar. Alt i fyrste møte med steinen vil ein begynna å tenkja: «korleis kan denne steinen utnyttast?» eller «kva må eg gjera for å få god nytte av akkurat denne steinen?». Lagdelt stein kan ein dela opp i tynnare heller. Det er vanlegvis lett å finna gangane, «kløyven», i steinen, og ved hjelp av handverktøy går det vanlegvis greitt å kløyva steinen[5]. Det er likevel slik at også lagdelt stein kan ha svært varierande eigenskapar. Noko stein let seg dela som ingenting. Annan stein må det jobbast meir med. Skal ein dela homogen stein, må ein bruka andre metodar[6]. Heile vitsen med tørrmuring er å plassera stein slik at han gjev bindingar[7]. Ein dunge med stein, ei røys, blir mellom hendene våre omskapt til eit samanhengande heile, ei solid blokk. Bindingar, forband eller berre band, må skapast både i lengderetninga av muren og på tvers. I siste tilfellet snakkar vi gjerne om tverrband. Dess fleire gode band, dess betre mur.

Det er utruleg kor mange variantar av stein ein kan få til å liggja i band, og nokre av våre forfedrar var meistrar i å utnytta det tilfanget av stein dei hadde for hand. Men det seier seg sjølv at det er ein føremon å ha noko utval, ikkje minst i storleik. Det er vanskeleg å byggja ein varig mur av berre småstein.  Føremonen med heller er at dei er dekkjer er viss flate og er gode til å gje band i hjørne, rundt dør- og vindaugsopningar og i endestykke[8], men det er heller ikkje noko problem med homogen stein, så sant ein har eit visst utval og kan veksla mellom ulike storleikar[9].

 

Oppattbygd vernemur på Hoplandssjøen i Austrheim basert på gjenbruk av stein og noko nytt tilfang frå garden. Tiltaket vart støtta av Kulturminnefondet. (Foto: Einar Engen/Kulturminnefondet)

Prioritering av stein

Prioritering av stein er å velja ut stein ut frå ulike krav til form og kvalitet og til ulike føremål.

Studerer ein solid, eldre murverk vil godt som alltid sjå at murarane har halde til sides den «beste» steinen til slike utsette stader som hjørne, avslutningar og opningar. Somme stader kan ein sjå at dei har hogge til stein til slikt føremål. Midt i vegglivet, altså mellom to hjørne på ein grunnmur t.d., kan ein ofte stå at dei har nytta så ymist av tilfang. Dette handlar om kunnskap om kvar helst kreftene må setjast inn for at ein skal få godt murverk, men også i høg grad om økonomi.

I éin og same konstruksjon kan det stundom vera behov for tre til fire ulike slags stein. I ein vestnorsk jordkjellar med ein utkraga konstruksjon vi ein trenga gode murarar til avslutningar og  smyg ved inngangen. Til utkraginga, skråveggene i innerkonstruksjonen, vil ein kunne nytta stein med mange slags skap, men gjerne med litt lengde. Den øvre delen, «taket», kan gjerne vera litt store, solide heller som vert trappa oppover frå begge endar mot ljoren. Til ljoren går det gjerne med noko småfallen, men gjerne litt fin skifrig stein. Attåt dette kjem behovet for fyllstein og større og mindre skorder[10].

I ei kvelvbru vil ein søkja seg ut stein som held visse mål til bruk i sjølve kvelven, medan ein i overmur,

varemurar, vengemurar og  tilføringsmurar[11] kan greia seg med eit breiare utval. Skal ein mura ei grue, kan ein like eins skilja mellom stein til fundamentet, stein til vangane, stein til utkraginga og stein til skorsteinen (røykrøyret). Akkurat som ein i eldre tid dreiv med plukkhogst i skogen, kan ein tenkja at folk i tidlegare tider gav seg noko tid med å sanka i hop stein til desse ulike funksjonane. Å skaffa til veges store, solide heller var ikkje alltid det lettaste, og det var noko ein kanskje jobba med i fleire år til ein var klar, om ein ikkje hadde lett tilgang til slikt tilfang.

 

Kvar får vi tak i stein?

I dag kan ein vel berre tinga seg eit lass eller tre frå Hardanger eller Alta (eller Kina), og få akkurat det ein treng? Tja. Somme gonger må ein berre innsjå at ein må ut på ein større marknad for å fa tak i

høveleg stein. Det kan til dømes vera viss det må stillast heilt spesifikke krav til eigenskapar og kvalitet. Men til vanleg er det heilt greitt å starta i ein heilt annan ende. Ein begynner å leita rundt

seg på eigedomen der murarbeidet skal gjerast. Det er mangt som løyner seg under eit lag med mose! Som oftast må ein likevel rekna med at «dei gamle» har reinska godt opp for god stein til muring. Men best det er kan det liggja ein rest som kjem til sin rett.

Fyllstein er lettare å finna. Som nemnt ovanfor er det berre ein føremon om fyllsteinen er variert i form og storleik. På somme gardar vil ein kunne finna gamle lokale steinuttak. Dei kan vera mest uråd å sjå i dag, men ter seg som små søkk inn i ei bergside. Her har folk brote ut stein eller brukt svartkrut til lyfta fram steinflak. Finn ein ikkje noko hos seg sjølv, må ein slå ein sirkel med litt større radius.

 

Transport av takheller frå sjø til garden Håtuft i Meland. Steinen vart frakta i etappar, med båt fleire stykke, og boren fram mellom vatna. Det siste stykket skulle steinen berast av kvinner, er det fortalt, noko tørrmuraren Berit Bruvik demonstrerer her. (Foto Arnt Brakstad)

 

Kanskje nokon driv eit lite anleggsarbeid, skyt ut ei hustomt eller liknande, og har «overskotsmasse», det vil seia stein til overs. Ein kan også sjølvsagt leita i gamle urer og utrasa massar. Men då må ein for det fyrste visa den aller største varsemd så ein ikkje utløyser nye ras. For det andre må ein sjølvsagt vita om det er lov å plukka stein. Nokre stader vil det å ta stein frå ei gamal ur vera som eit skadeleg og skjemmande naturinngrep å rekna. Så løyve må ein i alle tilfelle ha.

Det neste steget ut i verda vil vera å gå til eit steinbrot/steintak i området der ein bur. Det er få stader hovudproduksjonen er stein til tørrmuring, men dei finst. Men verksemda er oftast innretta på knusing av stein til pukk og grus. Likevel vil det kunne vera stein å få tak i slike stader, særleg rett etter at dei har skote ein salve. Ein må med andre ord fylgja litt med. Fyrst når desse utvegane er prøvde ut, tenkjer eg at ein bør satsa på transport av stein over litt lengre avstandar.

Ein privat tiltakshavar som skal restaurera eit anlegg eller reisa eit nytt, bør derfor leggja in god plan for forsyning av materiale. Det er lurt å rådføra seg med ein fagperson, og skal ein  ha hjelp med muringa, bør ein i alle fall samrå seg om tilfang av materiale med den utøvande handverkaren. Skal ein kjøpa stein frå eit steintak, vil det som regel svara seg å kjøpa i «bulk», det vil seia lassevis. Viss steinen er lagd på pallar av leverandøren, vil prisane oftast liggja på eit heilt anna og høgt nivå.

 

Restaurert trapp i Lappen i Bergen. Ein del gjenbruk, men mykje ny stein. (Foto: Berit Bruvik)

 

 

Ein ressursvenleg byggjeskikk

Kvifor bør ein starta med det nære? Eg tenkjer at bruk av stein til byggjeformål alltid har vore basert på ei nøysam tilnærming til ressursgrunnlaget. Ein har bygd med stein fordi stein har vore tilgjengeleg, i alle fall viss ein kunne setja inn ein arbeidsinnsats. Denne økonomiske og nøkterne tenkinga er vel verd å ta med inn i vår tid. Vi kan kanskje seia at dette ikkje berre bør vera ein ressursvenleg byggjeskikk, men også ein klimavenleg byggjeskikk.

Gjenbruk og nytt tilfang

Skal ein vøla eller restaurera ein mur, ynskjer ein å ta vare på anlegget nærmast mogleg det uttrykket det hadde før det vart skadd. Vert det gjeve tilskot frå offentlege instansar eller ideelle organisasjonar, vert det rimeleg nok stilt krav til utføringa, oftast til materialbruken og arbeidsmetodane.

Når det gjeld materialbruken, er gjenbruk av stein det fyrste ein tenkjer på. Så godt som alltid let det seg gjera. Men det finst tilfelle der all steinen, eller delar av steinen, er så forvitra og dårleg at ein beint fram må vrakast, eller i beste fall få eit nytt liv som bakfyll.

Sjølv om steinen er god, kjem ein oftast likevel ut med ein manko. Ein må supplera. Då er det viktig at ein skaffar til veges stein av same kvalitet og utsjånad. Det er gjerne ikkje så vanskeleg viss ein tek utgangspunkt i lokalt tilfang. Er det stein av ulikt slag, til dømes både lagdelt stein og granitt i same mur, bør det også bli avspegla i oppattmuringa.

 

Hagemur frå siste del av 1700-talet på Litlebergen i Meland under vøling og restaurering. Her er brukt ein kombinasjon av heimleg stein og noko tilført. Tørrmuraren Inger Myking i arbeid. (Foto: Einar Engen/ Kulturminnefondet)

 

 

 

 

 

 

[1] Ein skal vera merksam på at «bakmur» også kan brukast om eit meir organisert murliv som t.d. vender inn mot terreng i ein støttemur, dvs. at ein har ein dobbeltvanga (dobbeltsidig) mur ytst og fyllstein innanfor den inste murvangen.

[2] Lagdelt stein kjem frå sedimentære bergarter (avsetningsbergarter) der lag på lag på sand og leire har lagt seg og sidan blitt omdanna ved auka trykk og temperatur. Homogene bergarter, t.d. granitt, er magmatiske, dvs. storkningsbergarter.

[3] Ei helle er i vanleg språkbruk flat, tynn stein,  av ymse storleikar og tjukner, oftast av lagdelte eller skifrige bergarter. Men ein snakkar òg meir spesifikt om tilhogne flate steinar, «steinskiver», gjerne laga til etter mål, som vert brukte til tak, i golv, fortau, gangvegar og liknande. For oss som driv med tørrmuring, er likevel vanlegvis ei «helle» beint fram ein rimeleg flat stein.

[4] Storkningsbergarter

[5] Her kan ein nytta hammar og meisel, eller, oftare slik eg jobbar, piggsett og sleggje. Bruker ein verktøy av noko vekt og storleik, bør ein vera to personar, éin som held og flyttar piggsetten og éin som slår med sleggja. Framgangsmåten her blir å setja steinen på høgkant og velja seg ut éi linje i steinen, det vil eitt skilje mellom to lag, kanskje eit slikt skilje som ter seg med ein mørkare farge enn dei andre. Setten blir plassert. Så tilfører ein steinen slag etter denne linja med jamne mellomrom langs heile lengda av steinen. Etter kvart ser ein små teikn til at steinen tek til å opna seg, han vert vekt, som Birger Reigstad seier, og så held ein varsamt fram til dess han deler seg heilt langs heile lengda. Ein piggsett kan skildrast som eit kvesst verktøy, ein slags meisel sett på skaft.

[6] Vanlegast er å bruka kilar og blekk. Då borer ein fyrst ei rad med hol eit lite stykke inn i steinen, set kilane og blekka ned i hola og slår lett på kilane etter tur til dess steinen deler seg. Også lagdelt stein kan delast med kilar og blekk.

[8] «Kinning» vert mange stader brukt om avslutninga av ein mur, t.d. enden av ein steingard.

[9] T.d. ynskjer ein å veksla mellom steinar som stikk djupt innover i muren og «grunnare» steinar slik at ein får gode anlegg for steinar som skal binda innover i bakmuren.

[10] «Skorder» er litt tynnare, flate steinar som vert nytta som kilar for å stabilisera eller justera murverket.

[11] Overmur er mur som fører inn mot kvelven og over kvelven. Varemur, eller parapet, er «brystning» eller kantmur. Vengemurar er murverk ved brufestet som er sett opp for å styra vatnet unna.