Ukategorisert

Vi søker kandidatar til handverksstipend

Håkon Telnes Fjågesund, stipendmottaker.

Håkon Telnes Fjågesund i midten, fekk i 2018 Kulturminnefondets nasjonale handverkstipend for den store innsatsen han har lagt ned for å tilegne seg kunnskap om tradisjonshåndverk, samt arbeidet med dokumentasjon av eldre håndverkstradisjoner.

For sjette året på rad, lyser styret i Kulturminnefondet ut eit handverksstipend. Nominer din kandidat før 15. august!

Stipendet er på 50.000 kroner, og vedtak om tildeling vert gjort av styret i Kulturminnefondet etter nominasjonar frå publikum. Frist for å nominere din kandidat er 15. august.

Handverksstipend

Bakgrunnen for stipendet er å støtte ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan eit tradisjonelt handverksfag, og som har synt evne til målretta arbeid over tid. Stipendet vil bli tildelt ein ung, engasjert, lærevillig og fagleg solid handverkar som også er interessert i å læra bort.

Send inn din nominasjon her.

Stipendet har tidlegare vert utdelt til:

  • Ove Grytbak frå Røros, 2014
  • Hans Andreas Haraldsen Lien frå Gjøvik
  • Ingunn Undrum frå Hardanger, 2016
  • Peder Alme frå Trondheim, 2017
  • Håkon Telnes Fjågesund frå Telemark, 2018

Kulturminnefondet deler også ut eit formidlingsstipend, som i år gjekk til Edel Aas og Terje Marstein.

X

Del dette med en venn