Nordigard Blessom i Vågå

Nordigard Blessom skal være en av de eldste gardene i Vågå og er er et av flere gårdsanlegg som er med i Vågå gardshotell.

Eierne har fått tilskudd fra Kulturminnefondet to ganger til istandsetting av våningshuset Nedre stugu, som brukes til overnattingsgjester.

Sted

Vågå kommune, Innlandet

Verdiskaping

Verdiskaping

Eventyrgarden Nordigard Blessom

– Samarbeidet med Kulturminnefondet har gjeve oss så mykje positivt. Det å møte så kompetente, inspirerande og kunnskapsfulle fagpersonar har vore ei gåve.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Nordigard Blessom er ein av to Blessomgardar i Vågå som ligg i solsida opp frå kommunesenteret Vågåmo. I same høgda som Nordigard Blessom finn vi frå vest og austover dei gamle gardane Blessom, Haugøy, Gards-Øy, Øy og fleire Sandbu-gardar. Lenger opp og vest i solsida ligg garden Håkenstad. I dette området har nok isen lagt att eit felt med god jord da den skura gjennom Ottadalen.

Eigarar og vertskap på Nordigard Blessom er Sigurd (71) og Sidsel Horntvedt (68). Dei møtte kvarandre under studietida i Oslo, og Sidsel har også vakse opp på gard. Sigurd tok over slektsgarden i 1973, og han arbeider framleis som veterinær i tillegg til saudrift på garden. Sidsel er pensjonist med mange år bak seg som lærar på Vågå ungdomsskule. Dei gifta seg i 1982, og saman har dei tre barn, Ingrid Elisabeth (37), Pål (33) og Estin Johannes (29). Gjennom Ingrid har dei fått barnebarna Jehans og Gjendine som livar opp i gardsmiljøet.

Sigurd og Sidsel flankerer odelsjenta Ingrid med barna Jehans og Gjendine. Foto: Kjell Nyhus

Vågå er full av historier og segner. Ei av dei er forteljinga om Johannes Blessom som fekk ein luftig hesteskyss med Jutulen heim frå København ein julekveld.

– Kva for Blessomgard kom Johannes frå, Sigurd?

– Her er eventyrsamlarane Asbjørnsen & Moe og lokalhistorikaren og folkeminnesamlaren Ivar Kleiven (1854-1934) ikkje samde, fortel Sigurd.

Dei to fyrste meinte nok det var Sygard Blessom. Ei anna forteljing er om den blinde mannen frå Lesja som senda dei to sønene sine over Slådalen til Vågå for å ta jordprøver med seg heim att til faren. Ei av prøvene som han kjende på var så god at han bad dei rydde ei «blesso» der og byggje seg ein gard. Blesso blir brukt om ei glenne eller opning i skogen, og det blir sagt at det skal vera starten på Blessom.

– Eg skal ikkje gå god for den historia, sjølv om ho er god, smiler Sigurd, som likar å fortelja både fakta og gode historier til gjestane på gardshotellet. Dette får han gode tilbakemeldingar på frå gjestane sine.

Nordigard Blessom i tåke. Foto H. Eek

Fint gammalt tun

Det er eit fint tun på Nordigard Blessom, og Sigurd fortel om husa som omkransar tunet.

– Den stugu vi sit i nå, og som Kulturminnefondet har støtta restaureringa av økonomisk kallar vi Nedre stugu. Oppi mønsåsen i andre høgda er det skore inn årstalet 1779. Denne stugu har vi restaurert og modernisert med fleire bad og toalett for å kunne fungere som eit gardshotell. Går vi opp tunet til høgre så har vi Øvre stugu. Ein moderne elektrisk oljeovn førte til brann i dette huset nyttårskvelden i 2001. Med hjelp av gode krefter og arkitekt Jan Andersen som har arbeidd hjå Riksantikvaren fekk vi restaurert huset etter alle gode faglege råd og med flinke handverkarar.

På oversida av gardsplassen ligg føderådsstugu frå 1985, med ein mykje eldre del på venstre sida. På rekke og rad nedover på vestsida av tunet ligg skålen som er ei årestugu frå 1300-talet, eit stabbur og eldhuset. Både skålen, eldhuset og Nedre stugu blir nytta som delar av gardshotellet, fortel Sigurd før han må følgje opp lovnaden til barnebarnet Jehans om å køyre traktor.

Gjendine og Jehans likar å leike på oppvarma golv.

På nersida av gardsvegen ligg husa som tener gardsdrifta. Fram til 1980 hadde dei kyr på garden. På Blessom har dei i dag spelsau som beitar i fjellområda bak garden og held det verdifulle kulturlandskapet i hevd. Kulturlandskapet bak Blessom er klassifisert som verdifullt kulturlandskap. Det høyrer også med ei seter i Randsverk til garden som er på 105 da jord, 25 da beite og 303 da skog.

Med ny grunnmur under Nedre stugu vart det og grave ut til kjellar under stugu. Foto: Kjell Nyhus

Verdiskapingsprogrammet for kulturminne og Kulturminnefondet

Kultur og kulturarven har dei seinare åra fått meir å seia som ein miljømessig, kulturell, sosial og økonomisk faktor ved samfunnsutviklinga. Det er brei semje om at kulturarven er viktig for verdiskapinga i samfunnet. Derfor gjekk Miljøverndepartementet og Riksantikvaren saman i 2006 om å starte eit fireårig verdiskapingsprogram. Hovudmålsetjinga var at kulturarven skulle brukast som ressurs i samfunnsutviklinga. Gjennom båe foreldra på Nordigard Blessom går det fram at odelsjenta Ingrid har vore svært sentral i både restaureringa av Nedre stugu og etablering og drifting av gardshotellet. Ho blir derfor familien sin hovudinformant i tillegg til at ho er ein god fotograf og velvillig bidreg med aktuelle foto til artikkelen. Det å spreie entusiasme og formidle kunnskap om kulturarven vår er viktig for familien. Det blir derfor Ingrid som svarar på nokre sentrale spørsmål. Ho ser nok for seg å kunne kombinere jobben som psykolog med drifta av gardshotellet.

– Kva hadde Verdiskapingsprogrammet og Kulturminnefondet å seia for restaureringa av Nedre stugu? 

– Fyrste gongen vi søkte Kulturminnefondet fekk vi avslag på søknaden. Søknaden var skrivi av ein innleigd fagperson. Eg ringde så og hadde ein fin samtale med Einar Engen om kva som kunne gjera søknaden betre. Han etterlyste mellom anna fleire bilete, meir detaljert budsjett og ikkje minst sa han det kunne vera lurt å dele opp i fleire trinn. Denne gongen turte eg ikkje anna enn å styre prosessen sjølv! Eg laga så ein handskrivi søknad i A3 format og delte opp i trinn 1 og trinn 2. Så reiste vi personleg til Røros og la fram prosjektet. Stor var gleda da vi fekk tilbakemelding om at vi skulle få innvilga 230.000 kroner , summen vi søkte om i trinn 1. Deretter søkte vi om trinn 2 som var 330.000 kroner og fekk også dette innvilga, fortel ei glad Ingrid.

For Blessom hadde dette alt å seie. Da Kulturminnefondet synte at dei hadde tru på prosjektet turte vi å gå i gang med eit såpass stort prosjekt.

– Økonomisk var nok dette inngangsbilletten som gjorde at vi turte å ta det store steget det var å restaurere Nedre stugu med eit kostnadsoverslag som var mange gongar summen vi fekk frå verdiskapingsprogrammet. Vi er utruleg takksame for både økonomisk og fagleg bistand, seier ho.

Utan drahjelpa frå Kulturminnefondet hadde vi ikkje teke det store økonomiske løftet det var å forvandle det falleferdige huset til gardshotell som nå husar gjestar frå alle verdas krikar og krokar.

Fleire instansar hadde tru på prosjektet på Blessom og bidrog økonomisk. Det var både frå UNI og gjennom SMIL-midlar (spesielle miljøtiltak i landbruket).

Peisstova i Nedre stugu. Foto: H. Eek.

Nedre stugu restaurert med støtte frå Kulturminnefondet

Nedre stugu var tidlegare hovudhuset på Nordigard Blessom. Huset har akerhusisk grunnplan med nåsåsval og er bygd i 1779. Huset er eitt av dei siste i sitt slag og har framleis den store høgstugu i andre høgda. Det var tanta til Sigurd som budde i Nedre stugu. Da ho døde såg familien at noko måtte gjerast med stugu. Grunnmuren var på tur til å rase ut, og stugu måtte få nytt tak. Det måtte også skiftast ut veggstokkar og utbetring av golv, trapp, sval og eldstadanlegg.

Kulturminnefondet var på synfaring i 2008 og såg at istandsetjing av stugu til ny bruk ville auke næringsgrunnlaget på garden. Nordigard Blessom er eitt av fleire gardsanlegg som er med i Vågå gardshotell, og Kulturminnefondet såg at prosjektet på Nordigard Blessom hadde økonomisk og kulturelt verdiskapingspotensiale. Restaureringsarbeidet som var i gang viste at søkjaren tok vare på kulturminneverdiane som låg i bygget, og søknaden frå Nordigard Blessom viste at søkjar ønskte å vidareføre dette. Søknaden vart med dette innvilga med totalt 560.000 kroner.

Alt på starten av 1900-talet husa garden kunstnarar, ferdafolk og eventyrarar som ville oppleva Vågå-bygda.

– Vår draum var på nytt å opne dei historiske dørene i Nedre Stugu og ta imot gjestar på garden – og slik vart det, fortel Ingrid.

– Kva for erfaring hadde de med Kulturminnefondet?

– Samarbeidet med Kulturminnefondet har gjeve oss så mykje positivt. Det å møte så kompetente, inspirerande og kunnskapsfulle fagpersonar har vore ei gåve. Frå fyrste stund vart vi teke godt i mot på Røros, og via Kulturminnefondet har vi også skapt verdifulle relasjonar til andre eigarar av kulturminne! På 15-årsfeiringa til Kulturminnefondet fekk vi presentere restaureringa av Nedre stugu, ei feiring som gjekk inn i den store minneboka som noko heilt spesielt, fortel ei takksam og stolt odelsjente på Nordigard Blessom.

Utsikt frå svalgang i Øvre stugu. Foto: I. Blessom

Tildelt Olavsrosa

I 2017 vart Nordigard Blessom tildelt Olavsrosa av direktør Erik Lillebråten i Norsk kulturarv. Han sa det var liten tvil i styret om at garden tilfredsstiller kriteria for Olavsrosa.

– Opprustinga og utviklinga av Nordigard Blessom til gardshotell passar svært godt inn i Norsk Kulturarv sin visjon om «vern gjennom bruk». Dette er eit godt døme på tilrettelegging av kommersiell verksemd i og rundt kulturminne, var noko av det han kommenterte under tildelinga.

Gule rommet i Nedre stugu. Foto I. Blessom

Svært gode tilbakemeldingar frå gjestane

Heimesida til Nordigard Blessom finn du berre på engelsk, og Ingrid har ei klår forklaring på det.

– Kulturarven vår skal vi forvalte lokalt, men vi skal dele den med resten av verda.

Heile verda er ein kulturarv, og alle kulturar og alle land må dele sin kulturarv med alle andre.

– Folk frå heile verda skal få koma hit og oppleva kulturarven vår slik vi kan vise den her på Blessom, og for å nå lengst ut og til flest mogleg brukar vi engelsk på heimesida vår. Vi reklamerer ikkje gjennom tradisjonelle kanalar. Den beste reklamen for oss er gjennom gjestane våre som fortel vidare om sine opplevingar her og i lokalmiljøet rundt oss til andre via ulike kanalar. I høgsesongen er det heilt fullt på garden her, og vi har ope heile året der vi serverar frukost med lokalmat og nybakt brød i det store blåkjøkkenet i Nedre stugu som er inkludert i opphaldet, fortel Ingrid tydeleg engasjert og inspirert av å drifte gardshotellet. Ho fortel at dei  har hatt bryllaup og selskap på garden der dei har husa 20 gjestar. I oktober skal det vera filminnspeling og da skal ein ung og ambisiøs gjeng på 20 personar bu på garden.

På nettstaden Tripadvisor ligg det svært mange positive tilbakemeldingar frå dei som har budd på Nordigard Blessom. Ei av dei ser slik ut:

Flott gård, fantastisk frokost og vennlig vertskap

Vi bodde på Nordigard Blessom to netter, på tur opp og ned fra juleferie i Trøndelag. Her hadde vi det så fint! Vi fikk servert kaffe og hjemmebakte julekaker selv om vi kom sent på kvelden på vei oppover, en slik velkomst varmer på mange måter. Slappet av med bøker ved den store peisen, før vi fikk en god natts søvn i gode senger i «det rosa rommet», et nydelig rom med utsikt over hele Vågå. Frokosten i kjøkkenet i hovedhuset er et kapittel for seg. Smakfullt nybakt brød, hjemmelaget syltetøy, lokale oster, det kunne ikke ha vært bedre. Da vi bodde her på vei ned fra juleferie fikk vi til og med servert hjemmelaget leverpostei som kom rett fra ovnen, en smaksopplevelse! Når vi i tillegg har selskap av gårdens hyggelige vertskap som forteller om gårdshistorien blir det en frokost og et opphold vi husker lenge. En særdeles flott gård med ditto beliggenhet. Vi har anbefalt Blessom til mange av våre venner, og kommer tilbake…

Ein annan har følgjande kommentar:

Dette stedet er kulturarv, dette stedet har sjel. Dette er bondeeventyr på sitt beste, autentisk, og ikke minst romantisk. Slike steder er balsam for sjelen, i hvert fall for meg.

Festbord på Nordigard Blessom. Foto: H. Eek