Film
Bilder
Google

Grimo trekai

Kulturminnefondet har gjeve støtte til restaureringsprosjektet med 300.000,-. I Kulturminnefondets vurdering blei det vektlagt at dette er eit tidsvitne frå ei tid kor fjorden var vegen, samt målsetjinga om framtidig utvida bruk.

Stad

Grimo, Ullensvang kommune, Hordaland

Verdiskaping

Verdiskaping

- Kaien her var ein møteplass for 150 år siden, når fjorden var bindeleddet og var vegen til folket

Tettstedet Grimo er eit av dei eldste handelsstadane i Indre Hardanger og var eit naturleg midtpunkt som alle var avhengig av, og sentrum for eit yrande folkeliv

-Kaien her var ein møteplass for 150 år sidan, når fjorden var bindeleddet og vegen til folket, forteljer Solfrid Borge ordførar, Ullensvang herad.

Kaianlegget er eit av de siste trekaiane som er igjen i Hardangerfjorden og ligg på vestsida av Sørfjorden i Hardanger.

Før Grendalaget 5777 vart oppretta for å organisera restaureringa og la ned omkring 1000 dugnadstimer for å sette i stand kaia, var tilstanden kritisk

Kaien var til nedfall. det var farligå være her fordi det var mange store hol i kaia. Vi måtte gjerde den inn, slik at ingen kunne gå på den, forteljer Stein Hauge Aarekol, medarbeidar på nærbutikken.

 

For det gode arbeidet som er lagt ned i kaianlegget, har handelslaget Grimo vorte tildelt Kulturminnefondets nasjonale plakett for godt bevaringsarbeid.

Det var Simen Bjørgen (t.v), Kulturminnefondets direktør, som delte ut plaketten til styremedlem i Grimo Handelslag Solfrid Borge. Videre står saksbehandler i Kulturminnefondet Suzana Zoric og ordfører Ullensvang, Øystein Pugerud.

Det var Simen Bjørgen (t.v), Kulturminnefondets direktør, som delte ut plaketten til ordfører i Ullensvang, Solfrid Borge og styremedlem i Grimo Handelslag, Øystein Pugerud (t.h.). Saksbehandler i Kulturminnefondet Suzana Zoric var også til stede.

– Arbeidet som er gjort med trekaien på Grimo er prisverdig. Framtidig bruk vil også ivareta kaias kulturhistoriske verdiar, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Trekaien har høg kulturminneverdi. Handelslaget Grimo har ein målsetjing om å utvida bruken av kaia til skyssbåtar, turisme og sosiale arrangement.

Etter iherdig innsats og prisverdig arbeid kunne Grimo trekai igjen bli brukt som ein møteplass.

Juli 2019 var kaia staden for mange aktivitetar under jubileet til Grimo handelslag (150 år) og nærbutikken Grimo (10 år).

Rundt 200 personer møtte opp til feringen på kaia.
Foto: Simen Bjørgen/Kulturminnefondet

Rundt 200 personer møtte opp for å ta del i feiringa og for å ta kaia i bruk.  Her var det duka til en rekke aktivitetar som RIB-safari, ansiktsmaling, talkshow, koropptrenden og servering av lokal mat.

Ordfører Solfrid Borge kom med kyrkjebåt fra Lofthus

Ordfører Solfrid Borge kom med kyrkjebåt fra Lofthus.
Foto: Simen Bjørgen/Kulturminnefondet


X

Del dette med en venn