Nothenget på Roaldsøy er eit unikt kulturminne med stor historisk verdi. Bygget vart brukt i fiskeindustrien fram til 1960-talet, men har dei siste tiåra stått ubrukt og er i ferd med å forfelle. No har eigaren lagt fram planar om å sikre bygget, restaurere det og gi det ny bruk.
Kulturminnefondet har stor tru på prosjektet og støttar med 800 000 kroner.
Tidlegare vart nothenget nytta til tørking og reparasjon av fiskegarn, der utstyret vart trekt opp frå båtane og hengt til arbeid i den øvre delen av bygget. Denne typen bygg er i dag sjeldne, og få eksempel finns framleis.
Det er planlagt at bygningen skal tilbakeførast det samme visuelle uttrykket som opprinneleg. Dette bidrar til å styrke dei historiske verdiane som fortel om ein viktig del av norsk kystkultur.
Etter at nothenget er sikra og rehabilitert skal det integrerast selskapslokalar og overnattingsrom i bygget.
Ny bruk
Styreleiar Hanne Kristin Jakhelln meiner det er positivt at bygningen vert teke vare på og tilført nye bruksområde.
Bygningen vil med dette bli godt utnytta. Dette er positivt for allmenta, og dei historiske verdiane vert sikra, seier Jakhelln.
Dette skal 800 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til:
Tilskot gis til fundamentering av nye pålar, nye boltar og festemateriell på heile bygningen, betongarbeid og drenering av ny mur samt omleggjing av tak.
Foto: Privat, fra søknaden til Kulturminnefondet