Fagstoff

Kva er det med skottbenken?

Om du har vore aktiv i handverks- og bygningsvernmiljøet i Noreg dei siste åra har du neppe unngått å få med deg at det har vore ein del snakk om noko som heiter skottbenk? Under bygningsvernkongressen på Norsk Folkemuseum i 2014 var skottbenken heilt sentral under opningsseremonien og hadde ein eige sesjon i programmet.

 

Roald Renmælmo, universitetslektor i bygningsvern ved institutt for arkitektur og teknologi, NTNU

 

Dei utdanningstilboda i bygningsvern eg kjenner i Noreg har alle brukt skottbenken som ein del av opplæringsopplegget sitt. Det vert stadig arrangert kurs i bygging av skottbenk, bruk av skottbenk og høvelmaking. Norsk Skottbenk Union er ei foreining som arbeider for å fremje skottbenken og driv sin eige blogg der dei aktive formidlar aktuelt fagstoff om skottbenken og handverket.

Einar Strand, bygningsvernrådgjevar i Nord-Trøndelag fylkeskommune demonstrerer bruk av skottbenk til høvling av golvbord. (Foto: Roald Renmælmo)

Er ikkje dette berre ein type arbeidsbenk frå eldre tid då ein var nøydde til å produsere material med handverktøy? Når vi i dag får kjøpt ferdig material hos næraste byggevarebutikk eller spesialbestille frå eit sagbruk eller høvleri, kva skal vi då med skottbenken?

 

Skottbenken – eit effektivt hjelpemiddel i restaureringsarbeid

Når ein arbeider med restaurering av gamle hus ser ein snart at dei gamle materialane skil seg frå det ein finn i sal hos byggevarehandelen. Tømmeret i veggane er gjerne berre hogd flatt på sidene, mens elles har det bevart forma treet naturleg hadde då det stod på rot i skogen. Stokkane er nøye tilpassa til kvarandre for å få tett vegg. Tømraren si røynsle og kunnskap for å få til dette har vore heilt sentralt i tømraryrket i eldre tid. Når ein skal byte slikt tømmer må ein som regel ut i skogen og ta ut tømmer med tilsvarande dimensjon og kvalitet og behandle det på same måte som dei originale stokkane.

 

BILETE

Bilete 2: Arne Pedersen er 6. generasjon sagmester i ubrote tradisjon på Aursfjordsaga, ei vassdrive enkeltblada oppgangssag bygd i 1796. Tradisjonen han forvaltar er viktig for å forstå bordmaterial i eldre bygg. (Foto: Roald Renmælmo)

Tilsvarande er det med bordmaterial til golv, loft, tro, innvendig panel eller utvendig panel i hus frå før slutten av 1800-talet. Slike bord har gjerne varierande bredder og smalnar på breidda frå rot mot topp. Borda har vore saga etter forma på stokken og så er borda tilpassa til kvarandre på byggjeplass. Borda er enklare å få passa til kvarandre når kantane vert høvla rette. Spesielt når ein snakkar om pløgde golvbord eller panelbord er det ein stor fordel med rette kantar på borda. Frå gamalt av var det vanleg å bruke skottbenken som eit hjelpemiddel for å få høvla rette kantar på bord. Kanting av bord med varierande bredder, og som smalnar frå rot til topp,  er enkelt når ein bruker skottbenk og høvlane som høyrer til. Når ein må byte enkeltbord er det å bruke skottbenk effektivt for å få eit godt resultat.

 

Ein kan enkelt rigge opp skottbenken i huset ein arbeider med og høvle borda når ein treng dei. Då kan ein også få tørka materialen til den fuktprosenten som høver i det huset ein arbeider med, og så høvle borda på plassen når dei er passe tørre. I eige arbeid har eg ei rekke gongar unngått å skifte ut heile panelte veggar eller heile golv og i staden høvla til nokre få nye bord. Eg laga kopiar av dei originale borda som måtte bytast og fekk såleis både bevart mykje original material og fekk også eit preg på den nye materialen som var i tråd med den originale materialen.

 

Furubord saga på Aursfjordsaga står og får den fyrste tørken etter dei er saga. Borda er saga som gjennomskur, med vankant på begge sider. Denne typen sagskur var standard for bordmaterial frå oppgangssagene vart vanlege tidleg på 1500-talet og fram til dei gjekk ut av vanleg bruk fyrst på 1900-talet. Pål Prestbakk (t.v.) og Henrik Jenssen er studentar på tradisjonelt bygghandverk på NTNU. (Foto: Roald Renmælmo)

Økonomisk vert dette som regel mykje billigare enn å byte heile flater med panel eller golv. Vi sparer også mykje på miljøet om vi kan bevare så mykje som mogleg av dei opphavlege materialane i huset. Materialkvaliteten ein finn i eldre bygg som har fungert i mange år er som regel mykje betre enn standard material kjøpt i byggevarehandelen. For meg som handverkar er det både lærerikt og meiningsfult å produsere materialen på plass. Særleg når eg kan studere detaljar i den originale materialen i bygget.

 

Skottbenken – ein viktig del av det førindustrielle produksjonssystemet

I dag blir materialen vi bruker til husbygging levert som ferdig tørka, dimensjonert og høvla til dei profilane ein skal bruke. Borda er nøyaktig jambreie og tilpassa til dagens modultenking i husbygging. Det er ikkje nødvendig med individuell tilpassing. Når vi ser ein ny panelt vegg så er det heilt sjølvsagt at alle borda er parallelle, like breie og montert heilt i lodd eller vater. Det er ein sjølvsagt del av dagens handverkspraksis i tømrarfaget. Avvik frå denne norma blir gjerne oppfatta som dårleg arbeid eller unødig tungvindt, sidan det høver dårleg med verktøyet og arbeidsmåtane som dagens handverkarar bruker.

 

Vi har lett for å tenkje at vi alle ser akkurat det same, til dømes når vi ser på eit gamalt hus. Det er likevel slik at vi er avhengige av erfaring og kunnskap for å oppfatte og ”forstå” (tolke) det vi ser. Du har sikkert opplevd å kjøpe ny bil, og så oppdage at det er mange andre med akkurat same bilmodell rundt på vegane? Det er neppe plutseleg mange fleire slike bilar, men dine erfaringar med din nye bil gjer at du kjenner att tilsvarande biler, du oppfattar og ”forstår”. Tilsvarande er det for handverkarar som arbeider med bygningsvern. Om ein sjølv har prøvd å smi spikar eller brukt smidd spikar vil ein snart sjå smidd spikar av ulike typar overalt.

 

Handverket er i kontinuerleg endring som følge av endring i krav til produkta, tilgangen på material og endring av verktøy/arbeidsmåtar. Handverkaren i dag har andre erfaringar enn handverkarane i eldre tid. Dagens handverkar som ser eit gamalt hus vil mest truleg oppfatte og ”forstå” på grunnlag av moderne byggemåtar og material. Då er det veldig lett å oversjå mange detaljar slik som til dømes at kledning er spikra med spidd spikar, borda har litt variasjon i breidder og smalnar frå rot til topp.

 

Vi skal ikkje langt tilbake i tid før materialane vart levert på byggjeplass på heilt andre måtar enn i dag. På slutten av 1800-talet vart t.d. tømmeret levert som rundtømmer og rydd til dimensjon på plass. Bordmaterialen vart levert som sideskore bord frå oppgangssag eller handsag. Då starta snikkaren arbeidet med å kante ned borda og høvle dei til etter kva dei skulle brukast til. Som regel vart ikkje borda høvla til parallelle og vart heller ikkje dimmensjonert på tjukna. Med slike materialar er dagens arbeidsmåtar og verktøy ueigna om ein skal arbeide effektivt og få eit bra resultat. Då kan skottbenken og okshøvlane vere det som er mest effektivt og gir best resultat?

 

190 år gamal bordkledning på Grytøy i Troms

 

Hovudhuset på Lundenes på Grytøya. På austveggen og på nordveggen som vi ser her er truleg det meste av bordkledninga frå 1824. Dei fleste borda er framleis like gode. (Foto: Roald Renmælmo)

Hovudhuset på Lundenes på Grytøya i Harstad kommune utgjer i dag kjernen i det lokale bygdemuseet. Det er oppført i to byggjetrinn, den eldste delen i 1770, og den yngste frå 1824. Huset vart vedtaksfreda i 1942. Sør-Troms museum har i dag ansvar for vedlikehald og har gjennom dei siste 10 åra restaurert taket og to av dei panelte veggane. På sørveggen og vestveggen vart all ytterkledning skifta i 2008. Her vart det gjort eit grundig arbeid med å ta mål av breidda på alle borda og kopiere dimensjonar og profilar. Nye kledningsbord vart saga, tørka og høvla med maskinhøvel. Det vart laga parallelle bord med underliggar som var glatthøvla på utsida og overliggar som var glatthøvla og med profilerte kantar. Dei som stod for arbeidet med restaureringa i 2008 strekte seg lengre enn dei fleste for å gjere ein så god jobb som mogleg.

BILETE

Bilete 5: Sørveggen på hovudhuset på Lundenes. Denne veggen fekk ny ytterkledning i 2008 basert på den originale kledninga. Det kjem godt fram at borda er høvla på flata og at ein har kopiert den gamle profilen. Det gjer seg også bra med ulike breidder på borda og veggen kan tilsynelatande sjå ut som ein gamal bordvegg i god stand? (Foto: Roald Renmælmo)

 

Eg og Siv Holmin vart spurt om å restaurere bordkledninga på dei to veggane som ikkje vart tatt i 2008. Vi starta med ei synfaring i 2015 der vi kartla vi behovet for reparasjon og utskifting av kledningsbord på austveggen og nordveggen. Vi gjorde også ei vurdering av korleis kledninga på dei nyrestaurerte bordveggane på sør- og vestveggen såg ut etter nokre år. Vi la merke til at det var stor skilnad på dei gamle bordkledde veggane og på dei veggane med ny kleding. Dette fekk oss til å undersøkje nøye kva som var skilnaden på desse veggane. For oss som var vant til å høvle bord på skottbenk er det sjølvsagt å sjå etter om det er skilnad på breidde i rot- og toppende på borda. Dei to veggane med nye bord kunne vi snart sjå at borda var parallelle og spikra opp slik at det var like stor avstand mellom påborda oppe og nede. Dette er heilt i tråd med dagens ”læreboknormal” i spikring av bordkleding. Det var berre dei varierande breiddene på borda som var annleis enn standard tømmermannskleding i dag. Dei nye kledningsborda var spikra med klypt galvanisert spikar med store hovud. Kanskje ein god spikar, men ganske ulik den smidde spikaren som er brukt på dei originale borda.

 

Etter litt leiting fann vi heldigvis nokre av dei originale kledningsborda som vart bytt ut i 2008. Her er museumshandverkar Thor Larssen på Sør-Troms Museum (t.v.) og restaureringshandverkar Siv Holmin som undersøkjer nokre av dei originale borda. (Foto: Roald Renmælmo)

Vi fann nokre av dei originale borda som vart bytt ut i 2008. Her såg vi at borda var saga på oppgangssag og kanta ned etter forma på stokken slik at det smalna litt av frå rot til topp. Det ser ut som borda var kanta med tanke på å få mest mogleg rein alved (kjerneved) i påbordet og den eksponerte delen av underbordet. Påborda hadde høvla ein fals på baksida for å ligge flatt mot kanten på underbordet. Spikringa var heilt i kanten av påbordet slik at spikaren også gjekk gjennom kanten på underbordet. Det gir betre støtte for påbordet og det verkar som kledninga held seg betre med slik spikring. Dette er vanleg å sjå på gamal kleding, sjølv om ”læreboka” beskriv at spikaren skal stå så langt inn på påbordet at den ikkje går gjennom underbordet. Dei nye borda frå 2008 er spikra etter læreboka og viser alt teikn til skadar på grunn av dette.

 

Restaurering  av enkeltbord i staden for fullstendig utskifting

I samråd med Sør-Troms museum bestemte vi oss for å prøve å etterlikne den originale bordkledinga så godt som mogleg. Vi bestemte oss også for å reparere eller byte berre enkelte bord på dei gamle veggane i staden for å gjere ei fullstendig utskifting. På desse veggane var det berre delar av kledningsborda som hadde roteskader og nokre få bord var nye erstatningar av skadde bord. Desse nye borda var ikkje høvla og hadde ikkje profil i kanten som dei gamle borda. Nokre av desse nye borda bestemte vi også å byte med høvla og profilerte bord.

Bordkledinga på nordveggen har påbord som er kanta og høvla på flata. I tillegg er det høvla ein staffprofil på kanten. Borda er spikra med smidd spikar heilt i kanten av bordet, i sida av profilen. Spikaren går også gjennom underbordet og såleis får påbordet god støtte der spikaren er. Denne bordkledninga er truleg frå då huset vart kledd fyrste gongen, truleg kring 1824. Desse borda og spikrane er minst like gode som nye bord. Ved å ha stått på veggen i snart 200 år har dei vist at dei så gode som ein kan få. Vi kan ikkje rekne med å gjere dette betre. Vi vel derfor å ikkje gjere noko med dei delane av bordkledinga som er bra slik som på biletet. (Foto: Roald Renmælmo)

Vi studerte materialkvaliteten på dei originale kledingsborda på ulike måtar. Vi målte bordlengder, bordbreidder og bordtjukner. Vi såg på årringsbreidder, avsmalning, kvistmønster, kviststorleik og vurderte kor mykje alved det var i borda. Med det utgangspunktet tok vi ut tømmer med tilsvarande kvalitet i Øverbygd i Målselv. Vi starta i eit område der vi kjente skogen frå tidlegare og visste at det var mogleg å finne dei kvalitetane vi var ute etter. Vi fann ein del fine furuer som vi fekk hogd og frakta ned til Aursfjordsaga. Vi saga 1” bord med gjennomskur med utgangspunkt i margen på stokken. Fyrste bordet frå margen blir gjerne det mest stabile til bordkleding, men også andre og tredje bordet kan bli fine kledingsbord. Borda vart så strølagt i stabel og tørka under tak til neste sommar.

Furu som har rund og rett stamme er eit godt utgangspunkt for å sage bord som skal vere stabile. Dimensjonen må vere stor nok i toppenden til den materialdimensjonen ein skal ha. Denne furua har ein ganske stor andel med alved, den mørke veden i midten. Det er eit godt utgangspunkt for å få varige og stabile kledningsbord. (Foto: Roald Renmælmo)

Dei ukanta tørre furuborda var eit ypperleg utgangspunkt for å ta med ut på Grytøya og bruke til restaureringa. Når vi skifta enkeltbord kunne vi enkelt og sikkert kante og høvle til bord med like mål som på originalbordet. Dette gjorde vi på den måten at vi tok nøyaktige mål av originalbordet og merka opp på eit bord. For å grovkante bordet brukte vi sotstnor og slo ein strek på kvar kant, og saga eller hogg etter merkinga. Så høvla vi rettsida av bordet med skrubbokse og slettokse. Etter det retta vi kantane til nøyaktige mål ved å feste bordet i skottbenken og høvle med skottoksen. Då kan ein raskt få eit svært nøyaktig resultat. Vi laga eit par profilhøvlar med kopi av profilane på originalborda. Med desse høvla vi profilen på kanten av bordet. Når borda var høvla og retta på skottbenken var det raskt gjort å høvle profilen. Borda ble kant ned til mest mogleg rein alved, slik det var på dei gamle borda.

 

På ei synfaring i 2015 løsna vi nokre bord og kunne ta ut nokre eksempel på den smidde spikaren som var brukt på kledninga. Det var i hovudsak 4” smidd spiker. Vi fann også nokre 3” spiker. Nokre spikrar av kvar type vart sendt til smeden Mattias Helje i Lima i Sverige, som på denne tida hadde eit prosjekt på å forske på, og smi spiker til Södra Råda kyrkje. Med si erfaring og kunnskap studerte han korleis spikaren frå Grytøya var smidd. Mattias smidde nye spikar som var nøyaktige kopiar. Dei originale smidde spikrane som var brukt i 1824 ser framleis ut til å halde stand mot ver og vind. Dei nye spikrane var veldig gode å bruke og gjorde spikringa til ei sann glede.

Kappendar av dei ferdig høvla og profilerte kledningsborda. På det eine bordet ligg spikarnavar og døme på 3” og 4” spikar som smeden Mattias Helje har smidd til prosjektet. Mattias har studert dei originale spikrane frå 1824 og har prøvd å kopiere dei så nøyaktig som mogleg.

Sjølv om ein er forsiktig når ein demonterer bordkleding så er det alltid fare for å få skadar på dei gamle borda og spikaren. Det er mogleg å benke gamal spikar og prøve å bruke den opp att, men etter å ha vore bøygd og benka blir ikkje spikaren like stiv som han var som ny. Ein  må rekne med at det blir skadar på bord og original spikar. Det beste er å unngå å demontere bord som er gode nok til å fungere som kleding i nokre år til. Vi valde å berre ta ned dei borda som det var naudsynt å byte eller reparere.

 

Erfaring og kunnskap er viktig for å sjå og forstå

Eg innleidde med å stille spørsmål om korfor skottbenken er viktig. Eg har vist til at skottbenken er eit viktig hjelpemiddel som kan gjere at ein kan utføre godt restaureringsarbeid. Det er etterkvart mange handverkarar som synast det er kjekt å lage sine eigne arbeidsbenkar og verktøy som dei kan nytte i sitt eige arbeid. Det er veldig viktig at restaureringshandverkarane trivst med arbeidet dei gjer og at dei kan utvikle seg fagleg i arbeidet sitt. Dette er med og utviklar fagfeltet og skapar ny kunnskap. Om vi også kan oppnå at fleire dyktige restaureringshandverkarar kan velje å stå i faget i staden for å gå inn i anna arbeid så er det også viktig for å styrke meir langsiktig utvikling i faget. Skottbenken gjer det mogleg for uvante folk å utføre eit brukbart arbeid utan at det tek lang tids øving for å lære. Slikt arbeid kan bli ein inngang inn i restaureringshandverket for unge aspirantar.

 

Så kan ein spørje om det var nødvendig å gå så grundig til verks som vi har gjort i arbeidet med restaureringa av ytterkledinga på Lundenes? Måtte vi i skogen og hogge spesielt utvalde furuer, måtte vi sage borda på Aursfjordsaga, måtte vi kante ned borda med grindsag og måtte vi høvle borda med handhøvlar på skottbenken? Kunne vi ikkje fått same resultatet ved å gjere slik ein gjorde når sørveggen og vestveggen vart restaurert i 2008? Då vart materialen bestilt frå ei sagbruk og høvla til i ein maskinverkstad. Det ble eit bra resultat av det arbeidet også, sjølv om borda vart parallelle i staden for å smalne av frå rot til topp.

 

Ved å gjere arbeidet på den måten at vi prøvar å etterlikne mest mogleg dei opphavlege arbeidsmåtane har vi sjølv fått viktige erfaringar, truleg noko liknande erfaringar som dei hadde tømrarane som snikra den opphavlege bordveggen i 1824? Det er nettopp desse erfaringane som gjer at vi er i stand til å sjå og forstå kva det er vi ser når vi studerer dei originale kledingsborda. Ved å vere med furua frå der ho står i skogen til ferdig bord får vi erfaring som gjer at vi neste gong kan enda litt meir om korleis dei beste furuene ser ut. Når vi sagar våre eigne bord på ei oppgangssag som truleg er maken til saga som saga kledingsborda i 1824 så får vi tilsvarande erfaringar som handverkarane då. Det gjer at vi kan sjå og ”lese” mange de spora det er etter saging av dei gamle borda. Handverkarane som restaurerte sørvegg og austvegg på Lundenes i 2008 hadde kanskje gjort arbeidet annleis om dei hadde hatt erfaring med å arbeide på skottbenk? Det er truleg at dei hadde observert mange andre detaljar i den originale kledinga.

 

Skottbenken, og erfaringane med bruken av den, gjer at vi lett vil sjå og lese at dei gamle kledingsborda ikkje er heilt parallelle og er ujamt breie. Vi kan forstå bakgrunnen for at det er slik, og sjå det opp mot det førindustrielle produksjonssystemet. Med den kunnskapen aukar kjeldeverdien til dei originale borda og også verneverdien til desse. Også om den freda stova på Lundenes får vi mykje ny kunnskap om både bordkleding og smidd spikar. Om vi ikkje hadde brydd oss om skottbenken, skogen, oppgangssaga eller den smidde spikaren kunne vi sikkert fått reparert bordveggen heilt greitt, men vi hadde ikkje site att med kunnskapen som gjer at vi kan forstå dei originale materialane og sett verdien av desse. Som regel er det nettopp slik kunnskap som ligg til grunn for at ei kulturminne blir freda eller vurdert som verneverdig. Slik kunnskap er difor heilt sentralt for kulturminnevernet i Noreg. Skottbenken kan nettopp vere med på å fremje og utvikle denne kunnskapen.

 

To nye bord på den nyrestaurerte austveggen på Lundenes. Borda er laga som kopiar av dei to gamle slitte og råteskadde borda som var der før. Borda er saga på oppgangssag, kanta og høvla til på skottbenk. Spikrane er smidd av Mattias Helje.

X

Del dette med en venn