Ukategorisert

Kulturminne over heile landet får 58 millionar i støtte

Helge Haldorsen fekk støtte til det gamle fengselet i Lillesand også i 2018. I 2019 har han blitt gjeve støtte til kledninga på huset. Dette er ein typisk bygning som forsvinn raskt i byane, og det er derfor viktig å teke vare på den for ettertida. (Foto: Linda Herud/Kulturminnefondet)

Helge Haldorsen fekk støtte til det gamle fengselet i Lillesand også i 2018. I 2019 har han blitt gjeve støtte til kledninga på huset. Dette er ein typisk bygning som forsvinn raskt i byane, og det er derfor viktig å teke vare på den for ettertida. (Foto: Linda Herud/Kulturminnefondet)

Kulturminnefondet har slutta med ei årleg søknadsfrist, og gjev no støtte til kulturminne over heile landet kontinuerleg i 2019. 

I årets første kvartal er det behandla 488 søknader, der det er søkt om 220 millionar kroner til saman. 283 prosjekt har blitt gjeve støtte, men ei samla sum på nesten 58 millionar kroner.

Sjå liste over dei som har blitt gjeve støtte her.

-Dei seinare åra har tilskota frå Kulturminnefondet til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Kulturminnefondet sikrar viktige kulturminne over heile landet på ein effektiv og målretta måte. Å ta var på kulturarven er godt for miljøet, det gjer lærdom om historia vår, og det skapar aktivitet og arbeidsplassar over heile landet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Det er svært gode tilbakemeldingar på løpande behandling av søknadar frå private eigarar som vil setje i stand sine kulturminne, og tida Kulturminnefondet brukar på saksbehandling har gått kraftig ned.

-Innføringa av løpande søknadsbehandling har skjedd etter forslag frå eigarane av kulturminna. Eg er svært tilfreds med at det no fører til enklare søknadsbehandling og raskare saksbehandlingstid, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Sjå fleire eksempel på prosjekt som tidlegare har fått støtte her.