Ukategorisert

Kulturminne i Skodje sentrum får statleg støtte

Korsveihuset har vore ein del av familien Molnes i fleire generasjonar og er ein viktig del av det regionale kulturmiljøet. Huset ligg strategisk plassert ved eit trafikk-knutepunkt i Skodje sentrum, der fleire historiske ferdselsvegar møtest. 

Korsveihuset blei opphavleg bygd av oldefaren til dagens eigar og blir i dag brukt som generasjonsbustad.  

No får familien 180 000 kroner i støtte frå Kulturminnefondet til å setje i stand taket på det historiske huset. Tiltaka sikrar vidare bevaring og bruk. 

Positivt for miljøet 

Kulturminnefondet synest det er positivt at den eksisterande skifersteinen på taket skal gjenbrukast. 

Dette bidreg til at bygningen sitt opphavlege utsjånad vert bevara. I tillegg er tiltaket positivt frå eit klima- og miljøperspektiv, meiner Hanne Kristin Jakhelln, som er styreleiar i Kulturminnefondet. 

Foto: Privat, fra søknaden til Kulturminnefondet