Dagens eigarar kjøpte det industrielle kulturminnet i 2022 og skal setje bygningen i stand. – Store delar av lokalene står tomme. Vi ynskjer å gjere den gamle fabrikken tilgjengeleg for lokalbefolkninga, skriv Hanne Marie Solberg i Mosøya eiendom AS til Kulturminnefondet.
Styret i Kulturminnefondet synest det er positivt at eigarane ønskjer å ta vare på fabrikken og at den skal bli delt med fleire, og støttar difor med 500 000 kroner.
Det er planar om ein aktiv bruk der bygget blir eit lokalt samlingsstad med moglegheit for å arrangere konsertar, selskap, og andre aktivitetar.
Lang og variert brukshistorie
Den gamle fabrikken på Lundamo har hatt ei variert brukshistorie sidan ho stod ferdig i 1912 og fram til drifta opphøyrte i 2008.
Her har det vore både kartongfabrikk og tresliperi, og det vart laga ubåtnettingar under andre verdskrig.
Fabrikkbygningen husa også Trøndelag impregnering og Norsk Gjenvinning i mange år.
Eit kulturminne mange vil få glede av
– Det er positivt at dei ønskjer å ta vare på dette dømet på lokal industrihistorie, synest Hanne Kristin Jakhelln som er styreleiar i Kulturminnefondet.
Ho legg òg til at når prosjektet er ferdigstilt, vil mange få glede av kulturminnet.
Solberg har fått ein avtale med lokal tradisjonshandverkar som skal videreføre tradisjonen med trevirkeproduksjon i lokalene.
Han er i gong med å byggje eit flisfyringsanlegg som gjer det klimavenleg å varme opp bygget, skriv Solberg vidare til Kulturminnefondet.
– Det er bra for klima og miljø, samtidig blir òg tradisjonshandverket teke vare på, meiner styreleiar Jakhelln.
Det er positivt at dei ønskjer å ta vare på dette dømet på lokal industrihistorie. Når prosjektet er ferdigstilt, vil mange få glede av kulturminnet.
Dette skal 500 000 fra Kulturminnefondet gå til:
Det vert gitt støtte til murarbeid med pussing av fasadar, samt til maling av fasadar.
Foto: Privat, frå søknaden til Kulturminnefondet