– Kulturminnefondet vurderer det som viktig at bygningen framleis vert nytta aktivt i samband med kystkultur og båtliv.
Det historiske båtbyggeriet med naust er ein del av gardsbebyggelsen i Engvika på Averøya. Det er i dagleg bruk, og staden viser korleis det tidlegare har vore drive kombinasjonsbruk med småbruk og fiske.
No skal naustet setjast i stand, og Kulturminnefondet vil gjerne bidra med 270 000 kroner.
Eit typisk vestlandsbruk
Garden har historie tilbake til 1430-talet og er eit typisk vestlandsbruk. Det er i alt 11 bygningar på garden, og desse er frå ulike tidsepokar.
Naustet som får støtte er frå 1800-talet og er i to etasjar. Dette er noko som var uvanleg for reine naustbygningar frå den tida.
Slik prosjektet er planlagt, vert kulturminneverdiane bevart på ein god måte. Mest mogleg ombruk av eksisterande materialer er også positivt i eit klima- og miljøperspektiv, seier Hanne Kristin Jakhelln, styreleiar i Kulturminnefondet.
Kulturminnefondet har tidlegare gitt tilskot til eldhus på same eigedom, og prosjektet vart gjennomført slik det var planlagt.
Dette skal 270 000 kroner frå Kulturminnefondet gå til:
Pengane skal gå til arbeid som arbeid med mur og heving av bygget på grunn av havstigning. Det skal også skiftast bunnsvill og skjøast enkelte stolpar. Vidare skal det skiftast kledning, men bevare mest mogleg av kledninga på gavlveggene. Golvet skal også restaurerast. Taket skal forsterkast og eternitt skal fjernas.
Foto: Privat, fra søknaden til Kulturminnefondet