Ukategorisert

Blessomlåven får støtte frå Kulturminnefondet

– Vi ynskjer å bruke låven på den historiske måten. Draumen er at låven på nytt kan skape glede og begeistring for nye generasjoner born. 

Det er stort engasjement i bygda for å redde låven på Nordigard Blessom. Den gamle låven er ein majestetisk bygning i tømmer som truleg stammar frå slutten av 1700-talet.  

Nordigard Blessom er ein del av eit historisk miljø og er godt synleg frå sentrum i Vågå. Låven på tunet er viktig for den heilskaplege opplevinga for gjestane som besøkjer gardshotellet. 

Styret i Kulturminnefondet vedtek å bidra med ei støtte på 500 000 kroner no når den skal setjast i stand. Blant anna skal tak og fundament utbetras. Odelsjenta Ingrid Blessom gler seg til å opne låvedørene når låven er ferdig restaurert.


– Tusen tusen takk!! Gleda står i taket – og vi gler oss slik til å gå i gong med restaureringa. Dette er ein draum som no går i oppfylling. Denne låven skal no bli eit smykke i Vågå til glede for nye generasjoner born. Vi gler oss til å ynskje velkomen og opne låvedørene på vidt gap.

Får støtte: Låven skal tilbakeførast og tatt i bruk. Foto: Helge Eek

Glede og begeistring 

Blessom-familien håper å kunne nytta låven i formidling av kulturarv, lokal byggjeskikk og jordbrukshistorie. 

– Små og store nyt stemninga på tunet, lærer om Norsk Kulturarv, helsar på spelsauene og går tur i beitelandskapet bak garden, skriv Sigurd Blessom til Kulturminnefondet. 

Låven var også godt kjent blant ungar i Vågå og hadde ord på seg for å være den aller beste låven å hoppe i, fortel Blessom.  

Draumen er at låven på nytt kan skape glede og begeistring for nye generasjoner born – både gjestar frå alle verdenshjørne og lokale born. 

Familien Blessom: Sigurd og Sidsel og odelsjenta Ingrid med barna Jehans og Gjendine. Foto: Kjell Nyhus

Styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln

Kulturminnefondet ser positivt på at låven skal setjast i stand, og at familien Blessom formidlar kulturarv, lokal byggjeskikk og jordbrukshistorie. Det er også bra at plassen deles med fleire, seier Hanne Kristin Jakhelln, styreleiar i Kulturminnefondet. 

–Takksame for hjelpa frå Kulturminnefondet 

Kulturminnefondet har tidlegare støtta istandsetjinga av det gamle våningshuset Nedre Stugu, som no vert leidd ut til gjester gjennom Vågå gardshotell.  

– Samarbeidet med Kulturminnefondet har gjeve oss så mykje positivt. Det å møte så kompetente, inspirerande og kunnskapsfulle fagpersonar har vore ei gåve, seier odelsdotter Ingrid Blessom.
 

Vi er utruleg takksame for både økonomisk og fagleg bistand, seier familien og legg til;
 

– Utan drahjelpa frå Kulturminnefondet hadde vi ikkje teke det store økonomiske løftet det var å forvandle det falleferdige huset til gardshotell som no husar gjestar frå alle verdas krikar og krokar. 

Dette skal 500 000 frå Kulturminnefondet gå til:

Tilskuddet gis til demontering av gulv og låvebru, senke terrenget, utbedre fundament, utskiftning av dårlig tømmer, montere beitskier og strekkfisk, bygge ny låvebro. Tak; Demontere blikktak og taktro, merke og demontere takåsene ned til raftet, utbedring av dårlige takåser, montere taktro, legge torvtak og montere vindskier.