Ukategorisert

Sunnmørsstova går frå å vere nedfalls til å bli kunstnerresidens

Besta-stova er ei sunnmørsstove frå 1860, og har opphavleg vore i bruk som bustad for mange generasjonar. Stova var nær å bli riven, men eigar Gerd Johanna Leira såg eit potensiale. 

 – På sikt er det eit ynskje om å ta i bruk stova til kunstnarresidens eller annan turisme, skriv ho til Kulturminnefondet. 

Styret i Kulturminnefondet er positive til prosjektet, og vedtek å støtte med 400 000 kroner. 

– Eit bygg med stor sjarm 

Bestastova ligg sørøst-vendt i ei helling i Kjølås-Grenda, i Stranda Kommune, med utsikt mot staden der Storfjorden kryssar Synnylvsfjorden. 

Deler av bygningen er ferdig satt i stand, men mykje gjenstår. 

– Bestastova har ein stor sjarm. Ved å berge og bevare den, deltar stova også i å videreføre tradisjonell byggjeteknikk, kvar handverkarar får konkret erfaring. Og det er også viktig at desse ikkje går tapt for framtidige generasjonar, skriv Gerd Johanna til Kulturminnefondet.  

Satsar på kunst og turisme 

– Garden ligger så og si midt i smørauget når det kjem til turisme, og stader i fylket og regionen som kan besøkas, skriv Gerd Johanna vidare. 

Ho er sertifisert guide i området, og det er hennar oldefar som anla småbruket her i 1868. 

Når prosjektet er ferdigstilt, vil bygget kunne verta teke i bruk til overnatting og turisme, noko som vil kunna gje verdiskaping og næringsinntekt. 

Det vil òg føre til sosial og kulturell verdiskaping gjennom Gerd Johannas engasjement for bevaring og guiding. 

Svært positivt at stova vert teken i bruk 

Svært positivt at stova vert teke i bruk 

Styreleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln

Det vert vurdert som svært positivt at bygget som har stått utan bruk, vert sett i stand og kjem i aktiv bruk igjen. Prosjektet vil òg føre til sosial og kulturell verdiskaping gjennom eigars engasjement for bevaring og guiding. Slik bygningen står i dag, er det ikkje mogleg å bruke den, og vi har gleda av å bidra med inntil 400 000 kroner til prosjektet. 

Dette skal 400 000 kroner fra Kulturminnefondet gå til: 

Pengane vert gitt til å støype grunnmur til tilbygg og gjenoppbyggje tilbygget/stavbygget. Det skal lagast ny underraft på begge sider og ny toppraft mot nordaust, skifte gulvbjelkelag. Vidare går pengane til å remontere panel og grunne og male dette, høvle nytt panel innside med not og fjær. Delevegger skal demonterast, det skal leggjast ny himling og skifte ut raftesperrer. Vidare skal pengane gå til å legge nytt gulv, rette opp dør og ordne karmer, reparasjon av vindauge, skifte alt av råte i ark, utbetre råteskadd tro og leggje nytt torvtak på heile bygningen. . 

Foto: Privat, fra søknaden til Kulturminnefondet