Ukategorisert

60 000 kulturminnekroner til MB Havørn – draumen er å få brukt og vist fram ein så flott båt

Båten er ein 23,5 fots gavelbygd sjark med skrå hekk frå indre Nordmøre
og brukast i dag som fiskebåt. Eigar Frank Solheim frå Averøy ynskjer å
nytte båten med tidsriktige fiskeredskap akkurat slik som sin bestefar som
var fiskerbonde
og klippfisktørkar.
 

båt, hav, sjø, fjell, motorbåt, Averøy

Båten vart også nytta ved veteranbåt-treff og andre høve kvar gamle båtar deltek. Per dags dato er Havørn eitt restaureringsobjekt.
“Det er også draumen igjen, å få bruka og vise fram ein flott båt frå kystarven”, legg Frank til i søknaden. 
Havørn hadde innebygd garnkasse akterut. Den har to mastar og er rigga for båe mesanseil og fokk.

Bestefar hadde vore stolt 

Frank Solheims bestefar, Emil Klubben, var eit kjendt syn på veg ut og på veg inn att frå Griptaren. 

“Folk rundt Bremsnesfjorden kunne nermst stille klokka etter han”, seier han, og legg til at båten var alt for bestefaren, som også var krigsseglar og etterkrigsseglar. “Om han hadde levd, hadde han vore stolt over at den blir restaurert”.

“Å få støtte i frå Kulturminnefondet er en skikkelig påskjønnelse og det er inspirerande at nokon trur på slike gamle håpløse prosjekt. Eg anbefaler andre som brenn for slike prosjekt å søkje  

båt, sjark, gavelbygd, mesanseil, fokk

Flytande kystarv er viktig 

Kystarven representerer ein viktig del av Noregs historie og kulturarv. Desse båtane har vore ein sentral del av norsk samfunn og økonomi i fleire hundre år, og dei gjev oss ei verdifull innsikt i korleis samfunnet har utvikla seg over tid. 

Kulturminnefondet har glede av å gje tilskot på 60 000 til videreføring av historia kring Havørn og kystarven.  

Frank har nett byrja på prosjektet og på riving av delar som skal byttas ut på båten.  

“Å få støtte i frå Kulturminnefondet er en skikkelig påskjønnelse og det er inspirerende at noen tror på gamle “håpløse” prosjekt. Eg anbefaler andre som brenner for slike prosjekt å søke,” avslutter Frank.  

Dette skal tilskotet på 60 000 kulturminnekroner gå til: 

Tilskot gjevs til å utbetre roteskadar i øvre bordgang og vaterbord på begge sider + ett band (spant), samt utbedre roteskadar på heile styrhus og fordekk. Arbeid på en del klinke- arbeid, og det skal designas ny garnkasse akterut, samt arbeid på motor, propell, styring, innredning, støttestag til mastar og motorkasse.

Foto: Frank Solheim