Ukategorisert

Viktige kulturminne i byar og tettstader

Mange eig eit kulturminne i ein tettstad eller by, utan å vera klar over det. Da manglar også ofte kunnskap om at det er mogleg å søke Kulturminnefondet om økonomisk støtte til restaurering.

Det gamle røykeriet på Ila i Trondheim. (Foto: Helene Tiller/Kulturminnefondet)

Det gamle røykeriet på Ila i Trondheim er eit godt eksempel på kulturminne i by. Prosjektet har fått støtte frå Kulturminnefondet, og blir nå sette i stand. (Foto: Helene Tiller/Kulturminnefondet)

Av Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet

Kulturminnefondet har registrert at det har kome få søknadar om økonomisk støtte frå eigarar i byane. Det er ikkje færre kulturminne i byane enn på bygda. Det er tvert imot spesielt viktig å ta vare på kulturminne i byar som veks og der det skal byggjast mykje nytt.

Kulturminna våre gjev oss kunnskap om tidlegare generasjonars samfunn og levekår. Spora som menneska har sett er eit viktig grunnlag for korleis vi forstår og tolkar fortida, og dei kan hjelpa oss i å forstå vår eige tid og korleis vi skal forma framtida.

Kulturminna kan også gje oss moglegheiter for utvikling.

Kvart einaste år vert forfalne kulturminne over heile landet  forvandla til moderne kontor, overnattingsplassar, serveringsstader, forretningslokale, kulturlokale, restaurerte turstigar, flytande båtar og malande møller. Bygningar vert også sett i stand for å brukast til bustadformål. Kulturminnefondet er særleg opptatt av at kulturminnet skal få ein bruk etter restaureringa. Vern gjennom bruk er rettesnora for heile kulturminneforvaltninga. Vi skal også legge til rette for prosjekt som bidrar til næringsutvikling.

Når dei private eigarane får støtte til å sikra dei kulturhistoriske verdiane, resulterer dette som regel i næringsutvikling som gjev lønsemd og dermed moglegheiter for å halda kulturminnet i stand også i framtida.

Kulturminnefondet er Klima- og miljødepartementets viktigaste verkemiddelordning for private eigarar av verneverdige kulturminne. Kulturminnefondets løyving er ei reindyrka tilskotsordning, og eit lågterskeltilbod som sikrar mangfald og breidde i bevaringsarbeidet. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats.

På tre år har søknadsmengda til Kulturminnefondet dobla seg. Men framleis er det mange som ikkje er klar over denne statlege støtteordninga. Den årlege søknadsfristen er 1.november. Søknaden skal sendast elektronisk gjennom vår søknadsportal.

Mange tenkjer nok fyrst og fremst på kulturminne som stavkyrkjer, skakke stabbur og vindsletne løer. Men vi vil også ha søknader om å setja i stand byrom, gatemiljø, murgardar, funkis og bygningar frå etter krigen. Vi kan til dømes gje støtte til istandsetjing av vinduer, utbetring av taktekking, bruk av kalkpuss og kalkmåling på murgardar med rett fargesetjing.

Tal frå våre undersøkelsar viser at fire av fem som har fått støtte frå Kulturminnefondet meiner at det var denne økonomiske hjelpa som avgjorde at det gjekk i gang med å bevara kulturminnet. Alternativet var å rive det eller la det forfalle.

Prosjekta vi støttar medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs, medverkar til positiv utvikling av byar og stader. Kulturminne kan ha stor bruksverdi. Gamle hus representerer ikkje sjeldan ein bygningsmessig ressurs av god kvalitet. Verneverdige bygningar kan få ein ny bruk. Bruk er ofte det beste vern, og kulturminne som vert teke godt vare på, kan brukast som ein ressurs for verdiskaping og i utviklinga av lokalsamfunnet.

Difor er Kulturminnefondet opptatt av at flest mogleg kommunar skal setja i gang arbeidet med å utforma ein kommunedelplan for kulturminna. Dette vil gje ei betre oversikt og større merksemd rundt dei kulturminna som finst i kommunen.