Veiledning

Støtte til fag- og handverksseminar 2017

Kulturminnefondet ynskjer å bidra til at kulturminne- og miljø får auka merksemd i Noreg, gjennom blant anna å gje økonomisk støtte til gjennomføring av fag- og handverksseminar. Dette for å utvikle møteplassar i ulike delar av landet der relevante faglede tema vert teke opp. Vi kan også bidra med faglege innlegg.

Kulturminnefondet håper også tiltaket kan stimulere til utvikling av nye arenaer for samarbeid og kompetanseoverføring med næringslivet og eigarar av kulturminne.

Det vil også vere viktig å prioritera aktivitetar som kan gje grunnlag for kompetanseheving innanfor tradisjonshandverk, ved å bidra til faglege innlegg av høg kvalitet, anten i regi av Kulturminnefondets fagfolk eller andre krefter i vårt nettverk, med målsetting om at engasjementet vil føre til auka verneinnsats.

Styret for Kulturminnefondet avsett 0,5 mill kroner til dette i 2017. Søknadene behandlast fortlaupande.

Kven kan søke?
  • Målgruppe for ordninga er lokale eldsjeler, lag, foreiningar og frivillige kulturvernorganisasjonar som arbeider for å høgje medvitet om viktigheita av å bevare kulturarven.
  • Vi prioriterer tilskot til lokalsamfunn, foreningar og regionar der det ikkje har vore slike aktivitetar tidligare.
  • Aktivitetar som kan gje grunnlag for kompetanseheving innanfor tradisjonshandverk prioriterast.
Søk her

Søknaden sendes inn på vår elektroniske søknadsportal »
Dei som ikkje har tilgang til internett, kan søke per post.

For å søke om tilskot til fag- og handverksseminar sender du oss søknad med:
  • Opplysningar om søker: Namn på søker med kontaktinformasjon (telefonnummer, e-postadresse, postadresse, bankkontonummer, fødselsnummer eller organisasjonsnummer og adresse for kurset/seminaret).
  • Opplysningar om kurset: Informasjon om det faglige innhaldet i kurset eller seminaret og om eventuelle samarbeidspartar, i tillegg til opplysningar om eventuell kursavgift.
  • Budsjett som viser kostnader og finansiering skal vere vedlagt (kva kurset/seminaret kostar med opplysningar om kva som skal kjøpast av varer og tenester).
Føresetnader
  • Forskrift for Kulturminnefondet gjeld for ordninga (klikk her) »
  • Seminaret/kurset skal gjennomførast i løpet av 2016.
  • Arrangementet skal dokumenterast ved ei kort skildring, regnskap og foto.
  • Sluttrapport med oppmoding om utbetaling sendes så fort kurset/seminaret er gjennomført.
  • Utbetaling gjerast på etterskot ved godkjenning av rapport og rekneskap.
  • Programmet og deltakarlister skal være vedlagt sluttrapporten.
Kontaktinformasjon

Kulturminnefondet, Bergmannsgata 17, 7374 Røros
Tlf.: 73 10 36 00
post@kulturminnefondet.no

Kven kan søke?
  • Målgruppe for ordninga er lokale eldsjeler, lag, foreiningar og frivillige kulturvernorganisasjonar som arbeider for å høgje medvitet om viktigheita av å bevare kulturarven.
  • Vi prioriterer tilskot til lokalsamfunn, foreningar og regionar der det ikkje har vore slike aktivitetar tidligare.
  • Aktivitetar som kan gje grunnlag for kompetanseheving innanfor tradisjonshandverk prioriterast.
Søk her

Søknaden sendes inn på vår elektroniske søknadsportal »
Dei som ikkje har tilgang til internett, kan søke per post.

Kontaktinformasjon

Kulturminnefondet, Bergmannsgata 17, 7374 Røros
Tlf.: 73 10 36 00
post@kulturminnefondet.no


Del dette med en venn